søndag 20. mars 2011

Regissøren har ring!!

Regissør Bjørnar Hegg-Lunde
- systematisk kar!
foto: privat
Endelig har det blitt mulig å få kontakt med Bjørnar igjen - travelt å vinne prisar... Han har faktisk vore veldig flink dei par siste dagane; både sendt mail med stikkord, eksempel og forslag til filmen OG ringt og gjort avtale om å møtes. Eg kan virkelig like ein kar som jobbar systematisk! No må eg lage meg ei lang liste med konkrete problemstillingar angåande filmen, så eg er klar når vi møtes om litt... Skal vi sjå: 


kva situasjonar er OK å filme
kva situasjonar skal vi IKKJE filme
badebilder, sovebilder - kan slike bilder misbrukast?
(Vi MÅ vite kva vi skal styre utenom! 
Det MÅ vere tydelig for foreldra kva dei blir spurt om å gi tillatelse til.) 

kva vil vi MEST AV ALT formidle i filmen
kva er sjølve budskapet?
kva situasjonar skal vi filme for å få fram budskapet i filmen
vi treng ein visjon
konkrete mål
mål må vere målbare - korleis gjer vi det?

detaljert framdriftsplan: kva skal gjerast når!

økonomi
kva treng vi
kva kostar det
BUDSJETT

Oi, kan bli mykje dette - er ein GOD ting at eg likar å lage gjere-lister. Er nemlig ekstra morro å krysse av det som er ferdig :-D Er spent på å sjå Bjørnar si liste ;-)


Har du tankar om kva vi må eller ikkje må ha med i filmen, kva vi må hugse på undervegs, kva vi absolutt bør halde oss unna... 
så FORTELL MEG DET :-D

Alle mine lister har fargekoder, etterkvart så mange fargar at berre eg skjønnar
koden- det er fordi fargar gjer alt bedre! Blir glad berre av å sjå på fargane :-D
foto: Tone Haugeplass

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar