tirsdag 8. mars 2011

Vente vente veenteeee på Bjørnar

Viss eg må, virkelig MÅ MÅ, så kan eg si mykje bra om det å vente. Men det er BERRE viss eg må. For eg blir så utrulig utålmodig når det er noko eg ventar på. Når det er noko bra - så vil eg ha det med ei gang!! Og når det er noko ille, så vil eg berre bli ferdig med det. 


Bjørnar Hegg-Lunde:
smart kar med mange prosjekt!
Akkurat no ventar eg på Bjørnar. Han er opptatt med å gjere ferdig eit filmprosjekt på Danvik folkehøgskule og har sikkert nesten ikkje tid til å puste. Men på søndag sa han at han har mange tankar i hovudet om vår FILM! Og når han får tid skal han sende meg ei melding med flust av idear til kva vi skal ha med i filmen. Eg vil gjerne sjå dei tankane no! Sorry Bjørnar, eg veit du ikkje har tid - men om eg skal vere totalt ærlig, så har eg mest lyst til å SNU DEG OPP NED og riste ut alle dine lure, rare, morsomme, kreative tankar så eg kan få sjå dei NO. Ikkje vondt meint altså ;-)


Ventar på at kreative ting skal dette ut av Bjørnars hode :-D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar