onsdag 16. mars 2011

Skuggeprinsen





Bjørnar på veg opp!





GRATULERER 
Bjørnar
!!!

Dagens blogginnlegg er til ære for 
Bjørnar Hegg-Lunde 
vår 
FILM! regissør 
(for å ta det viktigaste først!) 

og
VINNAR
 av prisen for 
fiksjonsfilm
 OG
publikumsprisen
 på Sogndal filmfestival 




Bjørnar har vore regissør på filmen Skuggeprinsen - ein film laga av elevar ved Danvik folkehøgskule. Eg var heldig å få ein sniktitt på filmen i vinterferien og syns den er skjønn!!  -Dette er SÅ gøy :-D


Bjørnar vart sjølvsagt intervjua på NRK Sogn og Fjordane, så for dei som ikkje høyrde på radioen i dag tidlig; her er Bjørnar sine kommentara (klarte dessverre ikkje å finne opptaket, enda så mykje rart som ligg på NRK sine sider... kanskje nokon andre har det?).


– Dette er dritkult. Det gjorde veldig godt etter alt arbeidet med denne filmen. Vi er mange som arbeidd med å få den til, sa ein glad vinnar som var med via Skype.
Bjørnar Hegg-Lunde (Foto: Jon-Andre Hakvaag)
TO PRISAR: Bjørnar Hegg-Lunde tykte det var flott å vinne i kveld.
Foto: Jon-Andre Hakvaag
Han sikra seg eit kamera til ein verdi av 8000 kroner som var premien frå NRK Sogn og Fjordane.
Prisen vart delt ut av skodespelar og regissør Leon Bashir, som er kjent frå filmar som Izzat og Tomme Tønner.

Rekordoppslutnad

Hegg-Lunde, som var medieelv i Sogndal i fjor, går no på filmlinja på Danvik folkehøgskule i Drammen.
Filmen hans er også nominert som ein av tre filmar til den prestisjefyllte Amandusprisen på Lillehammer. Sigeren hans i kveld og nomineringa til Amandus, vitnar om kvalitetsheving på filmiljøet med røter i Sogn og Fjordane.
Sogndal Filmfestival samla i år rekordoppslutnad med nær 50 filmar til juryering. 150 publikummarar hadde teke turen for å bli med på filmgallaen i kveld. nrk.no/sogn og fjordane

I ein kort periode ligg filmen ute på nettet - kanskje er den fortsatt her: 


http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7550554




Den ekte Skuggeprinsen

2 kommentarer:

  1. Bjørnar er fantastisk flink! Bra han er kapra som regi-ansvarlig på filmen!=D =D =D

    SvarSlett