onsdag 23. mars 2011

Å skape historie


Dokumentarfilm kan vere så mangt og dei merkeligaste ting kan bli interessante. Her er ein liten film om Odda: historien om ein industristad. 


Historie er alltid spennande - kanskje fordi eg alltid har vore glad i å lytte til historier... no likar eg kanskje enda bedre å fortelle dei... av og til tenker eg på at vi; ungdomsleiarane - eg - Helene - barna som deltek... skaper historie når vi overnattar i kyrkja, når vi lytter til kvarandre og - til musikk i bønnehytta på Nesholmen, når vi møtes seine kveldar for å øve sang og speling, redigere film, førebu aktivitetar til neste Lys Vaken, neste gudsteneste, neste skulebesøk... det er kjekt å skape historie. Det er viktig for oss mennesker å kjenne at vi er del av vår historie - i den store verden, i vår eigen kvardag.


Også er det noko underlig fascinerande med gamle industribygg. Dei er vakre på ein sånn styggpen måte. Eg vil suge til meg alle inntrykk når eg går gjennom forfalne rom og ser inn i knuste vindauge. Men så får eg lyst til det eg alltid får lyst til på stader som er forlatne; eg får lyst til å gi dei nytt liv!


Ellers er det ein skikkelig aha opplevelse å registrere kor lenge 6 minutt og 53 sekund er på film. Vi veit ikkje heilt kor lang vår film skal bli, gjeld å finne det magiske AKKURAT PASSE :-D



1 kommentar:

  1. Det magiske akkurat passe er av og til vanskeleg å finne - men det er verd arbeidet det tek :D Har erfaring der når me laga film i tiandeklasse og oversteig 'akkurat passe lengde' med åtte minuttar.
    Elskar forresten å høyre når du fortel historiar, du har ei heilt unik forteljarstemme!

    SvarSlett