mandag 25. april 2011

Fornøgd i dag!

Happy Chick
frå google.com

Jo meir vi jobbar, jo tydeligare blir det kor mykje arbeid det er å lage FILM. Men å, så morro arbeid! I påska har Bjørnar (regissør) og eg planlagt kalenderen for resten av året: framdriftsplan. I den kalenderen står det fascinerande ting som grovklipphelg, teknisk helg, restopptak-dagar, FILMVEKE I og II, massevis av finpuss... men fyrst skal vi få på plass manus. Det gler eg meg utrulig masse til. Samtidig er det ein merkelig følelse å gå frå planlegging til aksjon. Plutselig er det ein heilt anna verden. Det som fantes berre på papiret eller som flyktige tankar, det skal snart bli synlig - - - - - !

lørdag 23. april 2011

Inne i egget




gøymt
inne i egget
ventar ein hemmelighet
noko du ikkje veit kva er
 enno, men som ligg der inne 
og er gøymt til dagen kjem
då du skal åpne egget og sjå 
- smake, kanskje høyre, 
eller mest av alt opp-
leve, kva gåve det 
er i egget til 
deg no



illustrasjonen er frå retrovilla.dk


I FILM arbeidet er vi no i gang med å "legge ting inn i egget": idear, planer, skisser og forteljingar, som når tida er inne (forhåpentligvis!), vil åpne seg som eit knallgodt påskeegg. Dét gler eg meg til! 
I morgo er det 1. påskedag - dagen då "det store påskeegget" åpna seg: det er også ein fin dag;-) GOD PÅSKE!!!


torsdag 21. april 2011

Rom For Alle

I kveld skal vi ha gudsteneste i kyrkja. Det er Skjærtorsdag. Kvelden då Jesus vaska føttene til gjestene sine. Han sa det var for å vise dei eit eksempel - ein leiar som ikkje berre "sjefar", men som tek vare på medarbeidarane sine. Eg kan like ein slik leiar.


Videoen under er av typen vi ser på "reklamefrie" dagar på TV. Den minner meg verkeleg om Kirkens Bymisjon - eg var frivillig + jobba der då eg budde i Trondheim, så har sett korleis det er i virkeligheten. Slik sett er den eit forbilde for oss i vårt filmprosjekt; vi vil jo gjerne lage ein FILM som viser korleis det virkelig er - vi må "berre" finne den riktige historien, bildene, musikken... som viser nettopp det.


Etter gudstenesta i kveld skal ungdomsleiarane og eg på besøk i prestegarden. Det har blitt tradisjon. Ein god tradisjon, utan fotvask, men med masse godteri ;-)



p.s. Denne filmen er frå Oslo, men har mykje til felles med bymisjonsarbeidet i Trondheim.

mandag 11. april 2011

DVD juks



eg gikk på barneskulen lærte vi at det var juks å skrive av - vi skulle skrive sjølv. Takk og lov slepp vi å skrive alle kontraktene til vår FILM sjølve. Nokon hjelpsomme folk i kyrkjerådet har skjønt at denslags er det bra for oss som driv trusopplæring å få fiks ferdig!

Ein dag dumpa det ned dvd og teksthefte i postkassa på kontoret:
ABC I OPPHAVS OG BRUKSRETT - og no kjem det jammen meg til nytte. Her er det berre å plukke det som passar. Samtidig er det hjelp til å hugse på alle store og små ting slik at vi med rein samvittighet kan vise filmen (med lyd!), når den er ferdig. Så ikkje noko juks her :-) 

foto: INV

søndag 10. april 2011

...og i grunn

I grunn er det fleire grunnar til at vi vil lage film - men viktigast er.... hmm, frista til å bruke store ord her, så låner eit sitat frå "hoved boka" (Bibelen):
                       "størst av alt er Kjærleiken" 
Altså; den viktigaste grunnen til at vi vil lage FILM er kjærleiken: kjærleiken til sommarleiren, til alle gode minner frå turar, samlingar, gudstenester og morsomme forberedelsestider <3 kjærleiken til det vi held på med; musikken, overraskelsane, verkstader for føtter, måling, sommarfuglar, dans... <3 kjærleiken til samspel der "kjente" blir til venner, til inspirerande utfordringar og til dei gode samtalane <3

Vi har lyst til å lage ein film der alt dette ligg til grunn. Dét er det viktigaste. Dette har vi lyst til å gi publikum eit glimt av. 




Jesus-bildet fann eg på katolsk.no og hjertebildet er frå rufuspii.blogg.no
Takk for lånet!

lørdag 9. april 2011

I bunn...



Illustrasjon: Susy Taylor, folkartpapercuts.blogspot.com


I bunn må vi ha noko som ber. Eit grunnlag som held oss oppe, uansett kor mykje som kjem oppå. Slik er det med dei fleste ting i livet. Til og med Jesus snakka om det ei gong: Bygg ditt hus på trygg grunn! Eg likar metaforen om å bygge hus, det gjer ting veldig konkret og handfast. Eg kan tydelig sjå for meg kvar del, kva som er dei berande elementa og kva som er mest for morro skyld. Å vere "arkitekt" på denne måten, er noko av det eg likar aller best!


Basisen i ein god film, er ALLTID - ALLTID - ALLTID - ALLTID ei god historie. Steinane i grunnmuren vår må vere den gode historien - den som er verdt å fortelle, den folk vil lytte til. Men for at historien skal nå fram til sjåaren, må vi få tak i sjølve essensen (poenget). Og denne essensen må formidlast slik at den berører sjåaren, skaper gjenkjenning, treff følelsane hos publikum. 
Følelsar er derfor eit magisk element i grunnmuren. Men følelsesdelen er kanskje den aller vanskeligaste ingrediensen å finne fram til: nyansane her er hårfine og doseringen må gjerast med ekstrem nøyaktighet. Feil nyanse eller feil dosering følelsar kan totalt ødelegge ein ellers vellaga film.
Det motsatte av følelsar er ofte sagt å vere fornuft, eller i denne sammenhengen: struktur. Ikkje berre må filmen i seg sjølv ha ein logisk struktur, men alt ARBEIDET med filmen må vere skikkelig strukturert. 


Ein godt strukturert skyskraper kan stå trygt i dei villaste orkanar. 
(Det såg eg i eit program på Discovery channel.) Slik er det også med arbeidsstruktur. I eitkvart prosjekt må ein rekne med uforutsette hendelsar og når vi no har kasta oss uti noko vi aldri har gjort før, er det omtrent 100% sikkert at det vil dukke opp små og store "orkanar" undervegs. Har vi orden i sakene, tydelige avtalar, alle godkjenningar i boks og ein realistisk & forpliktande framdriftsplan så er det GODE sjanser for at prosjektet ikkje bles overende, men blir ferdig; til rett tid, innanfor budsjettet og på ein god måte.


No for tida jobbar vi hardt med grunnmuren til filmen. Det blir mange
e-postar, sms og facebook meldingar fram og tilbake mellom Bjørnar-regissør og meg. Vi prøver også å få innspel frå flest mulig andre: bedre å forkaste tusen idear som ikkje fungerer enn å gå glipp av den eine ultimate FILM ideen! 


Dette er ein skikkelig spennande periode. Det er no vi kan tenke djupe, store tankar - sjå for oss filmen frå alle vinklar (perspektiv) og legge lista for heile prosjektet. Og det er no vi må begynne på dei vanskelige avgjerdene: avgrense prosjektet i omfang (kor lang skal filmen bli, kor omfattande skal produksjonen vere) og i innhald (kor mange situasjonar, personar, aktiviteter mm er det plass til). Ikkje minst må vi snart ta ei avgjersle på kva som skal vere den raude tråden i filmen. Her har vi mange idéar og tilsvarande STORE vanskeligheter med å velge....


Men innan året er omme, håpar eg "huset" er på plass med ein stødig grunnmur i bunn og eit spennande, inspirerande byggverk oppå. Då skal eg gjere som katten på dagens illustrasjon; sette meg på taket og nyte utsikten! 



fredag 8. april 2011

Eg drøymer om...



Sirkus - verdens beste sirkus!!!


if you have no voice
SCREAM
if you have no legs
RUN
if you have no hope
INVENT



Eitt klikk er det som trengs ;-)
Kanskje draumen heller ikkje er så langt unna?






torsdag 7. april 2011

Sommar - hint 2

Og her er ungdomsleiar versjonen :-)



Har du gjetta kva som er tema? Kanskje du har forslag til ting vi kan gjere - eller til tema neste år? Send meg ei melding!

Sommar - hint...

Om berre ei veke er det "sommardagen". Det var i alle fall slik då PRIMSTAVEN var kalender. Sommar = sommarleir! Leiren har blitt tradisjon og er årets happening!! Kvart år har sitt eige tema og her kjem eit hint for årets leir... 



Det var forresten Karoline som hadde idéen til tema ;-)

onsdag 6. april 2011

Ja Nei ja nei Ja Tja... nope!

Finn deg ein kopp te og eit par kjeks,
så skal eg fortelle om mi
bratte læringskurve no nylig.
foto: Johanne Karlsrud

Eg er akkurat ferdig med å orientere stabane (dei ansatte i kyrkja) i Aurland og Lærdal om filmprosjektet. Det var ein ganske sammensatt opplevelse... sammensatt av positive, negative og forvirrande inntrykk. Egentlig er det mykje meir behagelig å skrive om alt som går lett, men eg har visst sagt (skriftlig!) at eg skal fortelle ALT om filmprosjektet på bloggen, så då blir det feil å late som om ALT er enkelt.


Det positive, var å oppleve at folk smilte og syns - sånn generelt - at det er ein kjempegod idé å lage film. Også syns dei at filmen skal bli så bra som mulig, at den skal vere interessant for eit breidt publikum og at det er riktig å bruke tid og pengar for å få den produsert. Alt dette har vi jo allerede tenkt på og er heilt enig i, så dét er berre fryd og glede!


Men så kom den negative delen. Eg har tenkt at det er lurt å spørre så mange som mulig og ikkje minst kollegaene mine: kva skal vi ha med i filmen? Kva vil gjere den interessant? Som tenkt så gjort, og då gikk det slik: men først må eg si at det fine med engasjerte mennesker er at dei faktisk engasjerer seg! Ganske riktig: her kom det massevis av innspel til innhald og vinkling/perspektiv i filmen. Og tilsvarande mange tankar om kva som ikkje skal vere med. Nokon vil ha gudstenestebilder, nokon vil ha tårnagentar, nokon vil ha frivilligfesten og nokon vil ha kyrkjene osv. Mange vil ha alt. Og berre for å understreke det; vi er fortsatt på den positive sida; for engasjement er bra!


Men ingen vil ha ein lang og kjedelig film. Ingen vil ha ein film som er berre oppramsing. Vi vil alle ha ein GOD film som gir meirsmak! Og det er her det negative oppstår. For på eit eller anna punkt MÅ vi velge. Vi må si at noko kjem med mens andre ting blir kutta. Til og med gode idear vil bli utelatt. Også er det slik at nokon idear passar kjempebra - berre ikkje i den filmen vi lagar no. Dei passar bra i andre filmar. Men det er jo sjølvsagt mi meining. Andre vil nemlig ha heilt andre meiningar om kva som passar og korleis sluttresultatet skal sjå ut. Og slik kan vi faktisk ønske (nesten) det samme, men likevel vere uenige om (nesten) alt.
No treng du kanskje ein ny kopp
te og litt fleire kjeks?
Takk til Johanne Karlsrud
for lån av foto ;-)


Det er no det blir komplisert, for eg syns det er vanskelig å si nei. Eg føler meg skikkelig kjip når nokon med stor iver foreslår ting og eg i beste fall kan si "kanskje". Eg syns det er mykje kjekkare å oppmuntre folk til å tru på ideane sine, enn å vere den som si at "nei, ikkje denne gangen". Å produsere film "på ordentlig", trur eg kan bli ein røff erfaring følelsesmessig. Det gler eg meg ikkje til. Men eg er ikkje i tvil om at erfaringen vil vere nyttig og lære meg masse, også om meg sjølv! Dét er ein erfaring eg gler meg til å ha gjort. Altså ikkje dei kjipe rundane undervegs. Men det å vekse på erfaringen når alt kjem til alt. Det er fristande å hoppe rett i mål, men uten erfaringen undervegs vil det heller ikkje vere noko mål. Puh!


Til slutt var det eit stort element av forvirring i møte med stabane. Forvirringen var i rommet; folk hadde mange spørsmål og ein naturlig dose usikkerhet til kva denne filmen skal bli og korleis prosjektet skal fungere. Men det var minst like stor forvirring inni mitt hode. For vi er akkurat i den fasen der vi leitar etter strukturen på filmen, prøver å finne riktig avgrensing, gjere grunnleggande vegval for kven/kva/kvar/når vi skal filme. Og i alle ledd svirrar spørsmålet "kvifor" - kvifor skal dette med, kvifor skal vi velge den eine settingen framfor noko anna? Eg er altså litt forvirra i utgangspunktet. Når det no hagla med innspel frå kollegaene mine, begynte hjernen min automatisk å sjå for seg dei ulike forslaga - kombinert med dei tankane eg allerede har. Og sidan det meste enno er uavklart, vart det veldig mange variablar å forhalde seg til. Også vil eg IKKJE vere ein sånn person som nektar å høyre på andre og automatisk er negativ til alt som ho ikkje har komme på sjølv. Slik vil eg IKKJE vere! Alt dette på ei gang = eit stykk forvirra Ingrid. - Bra det ikkje var kamera i møterommet, for eg er overbevist om at eg på eit tidspunkt såg ut som eit rompetroll i fritt svev retning jupiter, mens det lurte intenst på korleis det skulle komme seg tilbake til jorda. Ikkje mitt skjønnaste uttrykk! 


Så kva er status no? Kikk på hodet og kjenn på kroppen!
illustrasjon: Frida Tokvam Sverdrup


Vi kan vel si at læringskurven har vore bratt. Eg har nemlig lært at:

  • Sjølv i uformelle situasjonar MÅ prosjektet presenterast "formelt". Bedre å vere for omstendelig enn for rask i presentasjonen.
  • Film er eit medium som meir enn noko anna appellerer til folks følelsar = ergo har folk lett for å engasjere seg i filmarbeid og det kan skikkelig få fram følelsane deira!
  • Ver ekstremt tydelig på kva ein spør folk om -> nøyaktig kva er det vi ønsker innspel til og kva er rammene som allerede er lagt.
  • Det er ingen som klarar å sjå for seg kva som er inni mitt hode. Det må forklarast TYDELIG!

Nokon ting er slik at du kan det for alltid når du ei gong har lært det. Å sykle, skal visstnok vere ein slik ferdighet. Å kommunisere, er derimot noko du må praktisere og perfeksjonere heile livet. Eg har nettopp fått meg ein ny øvingsrunde i å kommunisere. Det var ein sammensatt opplevelse. Men no som eg har fått fordøyd den, sit eg att med ein god følelse. Ein følelse av mestring og sjølvtillit. Så det siste punktet på læringskurva er viktig å få med:


Ta deg tid til å fordøye inntrykk og tilbakemeldingar som kjem. Både støttande og kritiske innspel. Tenk igjennom det heile; sjå på det, kjenn på det, lik det og mislik det. Ta til deg det du treng for å bli sterkare, dyktigare, klokare. Og legg vekk det andre.


Takk for i dag!

tirsdag 5. april 2011

Torgeir tøffing











Jaaa - Torgeir Skjerdal frå Aurland skal vere med å lage FILM! Dét er berre so koselig, for Torgeir er ein av dei go'aste personane eg veit om. Han har alltid noko fint å si, han har massevis av omsorg for andre og hans "mjuke" utstråling skaper ei god og avslappa atmosfære. 
Torgeir har vore med som ungdomsleiar i fleire år. Han har vore fadder for massevis av søte leirdeltakerar og juniorkonfirmantar, han har hatt uteansvar på Lys Vaken i lag med Kristine i mange (!) kuldegrader og han har laga underhaldning og leik for dei andre ungdomsleiarane sammen med Eileén. 

Men det er viktig å utvikle seg - ellers blir det for kjedelig, så no har Torgeir kryssa ei ny grense: koke graut til 25 personar UTEN å svi den! Det er faktisk ein veldig nyttig kunnskap når du skal hjelpe til i kyrkja ;-) ...det veit eg, for eg har svidd både ein og to kjelar med graut i mi tid... Bra jobba!


Torgeir betyr også SANG. Eit av dei beste minnene mine, er Torgeir som syng på kveldssamling for konfirmantane på Steinbergdals-hytta. Det var heilt nydelig! Og sangen er grunnen til tittelen "tøffing". For eg har mange ganger sett kor nervøs Torgeir kan vere når han syng - men så tek han likevel utfordringen om og om igjen. Dét står det respekt av! Dét er virkelig TØFT gjort!! Og kven veit - kanskje får vi høyre Torgeir synge i FILM... ?



 Torgeir bur forresten på ein av
verdens magiske stader: Skjerdal!
Sjølv om eg klarte å gå meg fast
i fjellsida der, så reiser eg gjerne
tilbake på tur ;-) 


Takk til Torgeir for lån av bilder!

Gult

Oh yeah! Det er sol, det er varmt, det er glede - det er GULT - love it! Eg har derfor bestemt at filmen vår skal vere GUL - jepp: GUL! Gleder meg til å ta i bruk alt mitt fantastiske nye gule stæsj og trylle det til FILM fakta, info mapper, dag-for-dag film plan, ein million hugse-lister..... og hundre andre ting å halde styr på! Dette blir gøy ;-) Og viss det finst ein eller to meir kyniske lesarar av denne bloggen, som syns eg no er i overkant barnslig og overflatisk, så har eg to ting å si: tilbehør ER viktig! Farger påvirker ALLE! Eg blir GLAD av alt mitt gule stæsj og dét gjer filmarbeidet enda meir morsomt! :-D


Shanice - I Love Your Smile - fin GUL sang ;-)


foto: INV

mandag 4. april 2011

Mari-musical

Mari klatrar gjerne høgt!


Men aller helst vil Mari
FLY


Mari Brugrand Hauge, frå Lærdal 
blir med å lage FILM!

Mari er som ein musical:
livlig, underhaldande og lett
å bli engasjert av!
Ho er full av
pianomusikk, sangtekster
dans, leik, latter, søte påfunn
og ikkje minst -> kjærlighet:
Mari er ekspert på å snu tårer til latter,
når nokon er lei seg <3



Mari KAN vere
skummel ;-)





Men best av alt:
Mari er like skravlete og tullete som meg ;-) 
- Kven andre kan vel sitte fremst i bussen og ganske enkelt le heile vegen frå Lærdal til Nesholmen (pga ekstrem grad av overtrøtt!)? 
- Kven andre kan vere på chat halv tre om natta og ha MASSE å si? - Og kven andre kan
vere herlig begeistra over ein fantastisk
(stor eller liten) overraskelses-hemmelighet
                     - - - Mari!!!

foto: Karoline Thyri











No som vi skal lage film,
treng vi alle
Maris strålande talent!
Eg gler meg til å sjå
ho utfalde seg
med lyd, bilde,
idémyldring
og kanskje
.... overraskelsar ;-)



p.s.

For de som lurer på korleis vi har det på kyrkjekontoret: bildet heiter
 "Mari snakker i telefonen med Ingrid"
ho var i Aurland - eg i Lærdal.
Øyeblikket er foreviga av Anne Stavnem von Krogh, hausten 2010
...gode minner :-)

Takk til Mari for lån av private foto!

BLOGG MONSTER

Dei siste dagane har det dukka opp eit nytt monster i livet mitt; frå før har eg OPPVASK monster, VASKE-BILEN monster, SLUTTE-Å-ETE-SUKKER monster og kanskje eit par-tre-fjorten andre.... Men no har eg blitt kjent med BLOGG MONSTERET! Det er eit grønt lite uhyre som lagar skrivesperre, tankekaos og tidsproblem når eg egentlig skulle lage nye innlegg til bloggen.


Men eg er oppvaksen med folkeeventyr og veit derfor at troll sprekk når dei kjem ut i sola! Så her er BLOGG MONSTERET 
- SOL VERSÅGOD SKIN!!!



Blogg monster illustrasjonen er lånt frå internett, 
av den typen som manglar opphavsperson. 
Altså eit ekte monster!