mandag 25. april 2011

Fornøgd i dag!

Happy Chick
frå google.com

Jo meir vi jobbar, jo tydeligare blir det kor mykje arbeid det er å lage FILM. Men å, så morro arbeid! I påska har Bjørnar (regissør) og eg planlagt kalenderen for resten av året: framdriftsplan. I den kalenderen står det fascinerande ting som grovklipphelg, teknisk helg, restopptak-dagar, FILMVEKE I og II, massevis av finpuss... men fyrst skal vi få på plass manus. Det gler eg meg utrulig masse til. Samtidig er det ein merkelig følelse å gå frå planlegging til aksjon. Plutselig er det ein heilt anna verden. Det som fantes berre på papiret eller som flyktige tankar, det skal snart bli synlig - - - - - !

2 kommentarer:

  1. Eg har mest lyst å berre trykka "like," men sidan dette ikkje er fjesboki, so skriv eg det i staden: Eg likar! So masse lukke til med vidare planlegging og gjennomføring!

    SvarSlett
  2. Takk Mari - e "like" din kommentar :-)

    SvarSlett