søndag 13. mars 2011

I vår vesle boble

Jordkloden - bildet viser Tsunamien utenfor Japan
(Foto: NOAA) frå www.nrk.no
Det kjennes rart å legge ut livlige innlegg om, når alt kjem til alt, overflatiske ting, når det skjer så vanvittig mykje grusomt i verden. Den verden som vi faktisk er ein del av. På NRK nyhetene går bildene frå jordskjelv - tsunami - atomkraftverk krise i Japan og rett etter kjem intervju med politiske fangar i Libya. Dei har opplevd tortur av verste slag. Så eit innslag om unge mennesker som flyktar frå nordkysten av Afrika. Dei reiser i gummibåtar i nattemørket; målet er Italia, draumen er jobb, inntekt, frihet. Dei er mange som aldri kjem fram.


Det kjennes nesten som om eg ikkje har rett til å bruke så mykje tid på noko så overflatisk som ein film. At vi alle burde bry oss meir, gjere meir - for alle dei som har det vanskelig. Alle dei som er ramma av naturkatastrofer, maktovergrep og vanskelige levekår.


Tankane synk inn og eg kjenner både empati òg avmakt. Kan på ein måte si at eg både bryr meg og ikkje... Kanskje eg befinn meg i mi eiga vesle boble her i (stort sett) trygge Norge? Eg og dei fleste andre her... Eg sit att med mange spørsmål. Mest spørsmål til meg sjølv. Kva skal eg gjere? Det er viktig for meg at livet kjennes meiningsfullt. Nyhetene no ga ikkje særlig meining; heilt vanlige unge - gamle - menn - kvinner - barn, opplever grusomme ting og mister livet på grunn av naturskapte- og diktatorskapte katastrofer. Det kjennes håplaust! Eg har ikkje oppskrifta på å få orden på denne verden, må berre nok ei gang erkjenne at her er det mykje som ikkje er som det skal. Det kan umulig vere slik det var tenkt.


Eg trur eg låner meg eit slagord frå miljøbevegelsen: tenke globalt, handle lokalt. Det dumme med slagord, er at dei har det med å bli til flosklar når dei blir brukt i tide og utide. Orda mister sitt innhald, dei blir meiningslause. Men ord er viktige for oss menneske. Vi bruker ord for å uttrykke oss, kommunisere med kvarandre, gi oss identitet - og ORD kan gi RETNING. Akkurat no gir desse orda meining for meg. Dei gir tankane mine ein retning. Eg kjenner meg ikkje så overvelda av avmakt lenger, kjenner at eg finn meining - i mitt liv, her eg er.


I dette øyeblikket kan eg tenne lys og be for alle dei som er ramma. Eg har ikkje veldig mykje pengar til overs, men kanskje har eg litt. Litt som eg kan gi til dei som treng det - dei som har mista alt. Kanskje vil det og dukke opp andre muligheter til å vise solidaritet og støtte.


I dette øyeblikket kjenner eg og at det er riktig å halde fram med vårt lokale filmprosjekt. Kvifor? Fordi det gjer meg glad - fordi det bind oss saman - fordi det er ein utfordring vi alle kan vekse på. Og fordi eg håpar filmen vil gi glede og inspirasjon hjå sjåarane. Dét gir meing for meg.


I morra kjem derfor det innlegget som eg hadde forberedt - ikkje fordi eg/vi lever i ei boble, men fordi eg trur det gir meining.

3 kommentarer:

  1. Eg vil dela litt av sitatet eg lever etter for tida: "Better by far to simply try and be good and courageous and bold and to make a difference. Not change the world exactly, but the bit around you. Go out there with your passion and your electric typewriter and work hard at... something. Change lives through art maybe."

    SvarSlett
  2. Eg kjenner meg veldig igjen her. Føler meg totalt ekkel og overfladisk nokre gonger når eg skriv blogginnlegg og gler meg over småting når det er så mykje fælt eg kanskje heller burde tenkje på. Eg føler meg så hjelpeslaus når eg se bilda på TV, mest som alt er uverkeleg.
    Då hjalp det mykje å lese innlegget ditt, du skriv utrulig bra forresten :) Så no har du gjort minst ein dag lysare!

    SvarSlett
  3. Tusen takk Mari og Johanne! Det var ei uventa glede å vakne opp til kommentarane de har lagt inn - var fint å lese ;)
    Mari - du har ein herlig humor! Har lese sitatet på bloggen din og smilt - og tenkt at jo; du har eit poeng. Humor + Poeng = dobbel bonus spør du meg :))
    Johanne - du sprer mykje Glede med dine vakre bilder og ord. Om vi ikkje kan finne glede i dei små tinga, trur eg kanskje ikkje vi kan kjenne ekte glede over dei store heller. Takk for at du løfter fram og finn skjønnhet og meining i alle nydelige små ting ;))

    klem Ingrid

    SvarSlett