mandag 28. mars 2011

Animasjonsfilm - tenk på det...

Animasjonsfilmar er noko av det koseligaste eg veit om - sjølv når dei er skumle! Det er noko med genren som treff midt i hjertet. Tenk om vi kunne fått ein animasjonsfilm om Nye Steg-trusopplæring i kyrkja i Aurland og Lærdal. Den kunne for eksempel handle om noko av alt det vi finn på: kanskje den gudstenesta der vi hadde Hauge kyrkje smekkfull av fastelavnsfjær, eller den der Kristine med livet som innsats (nesten) hengte opp Lærdals lengste julelenke på kryss og tvers i heile kyrkja? Eller den laurdagen der tårnagentane med stor iver utforska Vangen kyrkje frå nederst i krypten til øverst i klokketårnet! Å, dét hadde vore utrulig morro!! Det er jo ingen grunn til at vi skal ha berre éin film (den vi har starta med no), vi kan ha mange :-D

Ein smakebit av fjærpynten på
fastelavnsgudstenesta i Hauge kyrkje!
Ungdomsleiar Kristine Venes Pettersen; nesten i fritt svev,
 i Hauge kyrke på Lysmesse 1. søndag i advent
Kyrkjetenar Merete Rein i lag med ein av dei
modige TÅRNAGENTANE i Vangen kyrkje.


Eg veit vi har fleire spirande medietalent blant ungdommen i Aurland og Lærdal. Mulig det òg finst vaksne folk i bygdene våre, som fuskar i faget? Ta ein titt på denne søte vesle filmen og tenk på det... Kanskje får de lyst til å lage animasjonsfilm frå livet her :-D



Alle foto tilhøyrer Nye Steg, kyrkja i Aurland og Lærdal.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar