onsdag 23. mars 2011

NYE STEG

Nye Steg-utvalet har møte i dag! Det er eit utval oppretta av kyrkjestyra i Aurland og Lærdal, som har i oppgåve å bestemme stort sett alt om trusopplæring i våre kyrkjelydar. Kjekk jobb det! Dei som er så heldige å ha denne "jobben" er 2 representantar frå kvart kyrkjestyre, dei to prestane våre + meg :-D I dag skal vi snakke om Plan for trusopplæring i Aurland og Lærdal. Vi må nemlig ha ein "systematisk og helhetlig" plan for aldersgruppa 0 - 18 år. Trur det vil passe svært bra med ein filmproduksjon dette året her... 


Også har eg med ein liten filmsnutt til bloggen.
Den viser at kyrkja no held på å fornye seg: BRA!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar