mandag 25. april 2011

Fornøgd i dag!

Happy Chick
frå google.com

Jo meir vi jobbar, jo tydeligare blir det kor mykje arbeid det er å lage FILM. Men å, så morro arbeid! I påska har Bjørnar (regissør) og eg planlagt kalenderen for resten av året: framdriftsplan. I den kalenderen står det fascinerande ting som grovklipphelg, teknisk helg, restopptak-dagar, FILMVEKE I og II, massevis av finpuss... men fyrst skal vi få på plass manus. Det gler eg meg utrulig masse til. Samtidig er det ein merkelig følelse å gå frå planlegging til aksjon. Plutselig er det ein heilt anna verden. Det som fantes berre på papiret eller som flyktige tankar, det skal snart bli synlig - - - - - !

lørdag 23. april 2011

Inne i egget




gøymt
inne i egget
ventar ein hemmelighet
noko du ikkje veit kva er
 enno, men som ligg der inne 
og er gøymt til dagen kjem
då du skal åpne egget og sjå 
- smake, kanskje høyre, 
eller mest av alt opp-
leve, kva gåve det 
er i egget til 
deg no



illustrasjonen er frå retrovilla.dk


I FILM arbeidet er vi no i gang med å "legge ting inn i egget": idear, planer, skisser og forteljingar, som når tida er inne (forhåpentligvis!), vil åpne seg som eit knallgodt påskeegg. Dét gler eg meg til! 
I morgo er det 1. påskedag - dagen då "det store påskeegget" åpna seg: det er også ein fin dag;-) GOD PÅSKE!!!


torsdag 21. april 2011

Rom For Alle

I kveld skal vi ha gudsteneste i kyrkja. Det er Skjærtorsdag. Kvelden då Jesus vaska føttene til gjestene sine. Han sa det var for å vise dei eit eksempel - ein leiar som ikkje berre "sjefar", men som tek vare på medarbeidarane sine. Eg kan like ein slik leiar.


Videoen under er av typen vi ser på "reklamefrie" dagar på TV. Den minner meg verkeleg om Kirkens Bymisjon - eg var frivillig + jobba der då eg budde i Trondheim, så har sett korleis det er i virkeligheten. Slik sett er den eit forbilde for oss i vårt filmprosjekt; vi vil jo gjerne lage ein FILM som viser korleis det virkelig er - vi må "berre" finne den riktige historien, bildene, musikken... som viser nettopp det.


Etter gudstenesta i kveld skal ungdomsleiarane og eg på besøk i prestegarden. Det har blitt tradisjon. Ein god tradisjon, utan fotvask, men med masse godteri ;-)



p.s. Denne filmen er frå Oslo, men har mykje til felles med bymisjonsarbeidet i Trondheim.

mandag 11. april 2011

DVD juks



eg gikk på barneskulen lærte vi at det var juks å skrive av - vi skulle skrive sjølv. Takk og lov slepp vi å skrive alle kontraktene til vår FILM sjølve. Nokon hjelpsomme folk i kyrkjerådet har skjønt at denslags er det bra for oss som driv trusopplæring å få fiks ferdig!

Ein dag dumpa det ned dvd og teksthefte i postkassa på kontoret:
ABC I OPPHAVS OG BRUKSRETT - og no kjem det jammen meg til nytte. Her er det berre å plukke det som passar. Samtidig er det hjelp til å hugse på alle store og små ting slik at vi med rein samvittighet kan vise filmen (med lyd!), når den er ferdig. Så ikkje noko juks her :-) 

foto: INV

søndag 10. april 2011

...og i grunn

I grunn er det fleire grunnar til at vi vil lage film - men viktigast er.... hmm, frista til å bruke store ord her, så låner eit sitat frå "hoved boka" (Bibelen):
                       "størst av alt er Kjærleiken" 
Altså; den viktigaste grunnen til at vi vil lage FILM er kjærleiken: kjærleiken til sommarleiren, til alle gode minner frå turar, samlingar, gudstenester og morsomme forberedelsestider <3 kjærleiken til det vi held på med; musikken, overraskelsane, verkstader for føtter, måling, sommarfuglar, dans... <3 kjærleiken til samspel der "kjente" blir til venner, til inspirerande utfordringar og til dei gode samtalane <3

Vi har lyst til å lage ein film der alt dette ligg til grunn. Dét er det viktigaste. Dette har vi lyst til å gi publikum eit glimt av. 




Jesus-bildet fann eg på katolsk.no og hjertebildet er frå rufuspii.blogg.no
Takk for lånet!

lørdag 9. april 2011

I bunn...



Illustrasjon: Susy Taylor, folkartpapercuts.blogspot.com


I bunn må vi ha noko som ber. Eit grunnlag som held oss oppe, uansett kor mykje som kjem oppå. Slik er det med dei fleste ting i livet. Til og med Jesus snakka om det ei gong: Bygg ditt hus på trygg grunn! Eg likar metaforen om å bygge hus, det gjer ting veldig konkret og handfast. Eg kan tydelig sjå for meg kvar del, kva som er dei berande elementa og kva som er mest for morro skyld. Å vere "arkitekt" på denne måten, er noko av det eg likar aller best!


Basisen i ein god film, er ALLTID - ALLTID - ALLTID - ALLTID ei god historie. Steinane i grunnmuren vår må vere den gode historien - den som er verdt å fortelle, den folk vil lytte til. Men for at historien skal nå fram til sjåaren, må vi få tak i sjølve essensen (poenget). Og denne essensen må formidlast slik at den berører sjåaren, skaper gjenkjenning, treff følelsane hos publikum. 
Følelsar er derfor eit magisk element i grunnmuren. Men følelsesdelen er kanskje den aller vanskeligaste ingrediensen å finne fram til: nyansane her er hårfine og doseringen må gjerast med ekstrem nøyaktighet. Feil nyanse eller feil dosering følelsar kan totalt ødelegge ein ellers vellaga film.
Det motsatte av følelsar er ofte sagt å vere fornuft, eller i denne sammenhengen: struktur. Ikkje berre må filmen i seg sjølv ha ein logisk struktur, men alt ARBEIDET med filmen må vere skikkelig strukturert. 


Ein godt strukturert skyskraper kan stå trygt i dei villaste orkanar. 
(Det såg eg i eit program på Discovery channel.) Slik er det også med arbeidsstruktur. I eitkvart prosjekt må ein rekne med uforutsette hendelsar og når vi no har kasta oss uti noko vi aldri har gjort før, er det omtrent 100% sikkert at det vil dukke opp små og store "orkanar" undervegs. Har vi orden i sakene, tydelige avtalar, alle godkjenningar i boks og ein realistisk & forpliktande framdriftsplan så er det GODE sjanser for at prosjektet ikkje bles overende, men blir ferdig; til rett tid, innanfor budsjettet og på ein god måte.


No for tida jobbar vi hardt med grunnmuren til filmen. Det blir mange
e-postar, sms og facebook meldingar fram og tilbake mellom Bjørnar-regissør og meg. Vi prøver også å få innspel frå flest mulig andre: bedre å forkaste tusen idear som ikkje fungerer enn å gå glipp av den eine ultimate FILM ideen! 


Dette er ein skikkelig spennande periode. Det er no vi kan tenke djupe, store tankar - sjå for oss filmen frå alle vinklar (perspektiv) og legge lista for heile prosjektet. Og det er no vi må begynne på dei vanskelige avgjerdene: avgrense prosjektet i omfang (kor lang skal filmen bli, kor omfattande skal produksjonen vere) og i innhald (kor mange situasjonar, personar, aktiviteter mm er det plass til). Ikkje minst må vi snart ta ei avgjersle på kva som skal vere den raude tråden i filmen. Her har vi mange idéar og tilsvarande STORE vanskeligheter med å velge....


Men innan året er omme, håpar eg "huset" er på plass med ein stødig grunnmur i bunn og eit spennande, inspirerande byggverk oppå. Då skal eg gjere som katten på dagens illustrasjon; sette meg på taket og nyte utsikten! 



fredag 8. april 2011

Eg drøymer om...



Sirkus - verdens beste sirkus!!!


if you have no voice
SCREAM
if you have no legs
RUN
if you have no hope
INVENT



Eitt klikk er det som trengs ;-)
Kanskje draumen heller ikkje er så langt unna?