mandag 7. mars 2011

JA - det blir FILM!


Det er ganske skummelt, ein anelse utopisk og bittelitt sprøtt, men no BLIR det FILM. Og det blir BLOGG. Har bestemt meg for å hoppe i det! Ser fram til store mengder arbeid i seine nattetimar for å komme i mål med det som har vore ein draum dei siste åra: å få ein (slags) dokumentarfilm om, med og av ungdomsleiarane og resten av arbeidet i Nye Steg - trusopplæringsarbeidet til kyrkja i Aurland og Lærdal. Eg elska nemlig film og eg elska jobben min, mykje takk vere dei fantastiske ungdomsleiarane våre <3 så dette blir MAX mix :-) Eg gler meg til å fortelle alt om prosjektet her på bloggen!


Det var Bjørnar som fekk meg til å "hoppe". Han har redigert mange filmsnuttar og "tøysefilmar" frå leirane våre. "Nilsstova" som du kan sjå her, er ein av dei. Sist fredag hadde vi oss ein alvorsprat over muffins og is (glimrande kombinasjon!) og dermed vart det bestemt: Vi lagar film! Vi gjer det no! TAKK for utfordringen, Bjørnar ;-) Her på bloggen blir det snart meir om både Bjørnar og alle dei andre som deltek i filmprosjektet. Men no er det berre å begynne på den laaaaaange lista med ting å ordne. For mens Bjørnar er regissør for filmen, har han oppnemnt MEG til PRODUSENT. Kjekt med ny tittel :-D men det blir mykje å ordne! Første punkt på lista er å overbevise sjefen min om at dette er ein GLIMRANDE IDE som vi absolutt skal bruke både TID og PENG på dette året....


Har du forslag til filmtittel, innhald, sponsorar... eller har lyst til å delta aktivt i filmprosjektet? Kom med det!


p.s.
På bildet ser du Bjørnar Hegg-Lunde frå Borgund, som lagar muffins for fyrste gong! Han fekk 10+ for den jobben ;-)

3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Hurra for det! Masse lukke til, gler meg til å følge med :D

    SvarSlett
  3. Tusen takk Johanne :D eg er faktisk ganske spent eg og på korleis alt sammen kjem til å utvikle seg, har skikkelig sommarfuglar i magen og bier i halsen... elller noko i den dur :p

    SvarSlett