onsdag 9. mars 2011

Vi røver bare det vi må....

Money money money - har til og med lånt dette bildet på nettet - vi treng seriøst peng! :-p
På tide å jakte på litt peng til vår FILM! Vi må jo ha eit budsjett, sjølv om vi skal gjere det meste sjølve og håpar på velvillige bidrag frå gode hjelparar undervegs. Litt vil det likevel koste. I dag skal eg på møte i Sogndal. Det fins nemlig eit TOL-utval (TrusOppLærings-utval) for Indre Sogn og dei bestemmer over ein pott med trusopplærings midlar. Dvs at dei har peng. Og eg er med å bestemme over dei pengane. Say no more....


Men eg gruar meg. Eg er skikkelig dårlig på å be om ting, syns det er ubehagelig. Vi treng nok snart ein sponsoransvarlig. Får jobbe meir med det i morra.


OK - sjekk dette, her er argumentene mine:


1. Det er mange som vil vite meir om kva trusopplæring går ut på = vi må vise og fortelle om arbeidet!


2. I Aurland og Lærdal har vi kome godt i gang med trusopplæring og vi har dyktige (!), engasjerte (!) ungdomsleiarar = vi bør og kan ta ekstra ansvar for å informere (det er ei av pliktene som kom med at vi fekk vere prøveprosjekt før alle andre)


3. Film er eit sterkt medium. Viss vi får til ein interessant film som kan inspirere sjåarane, kan den visast i heile Sogn og dermed vere til hjelp og glede for fleire enn oss når vi skal invitere barn og unge, skaffe frivillige og skape eit eigarforhold for alle i bygdene våre til trusopplæringsabeidet. 
(Puh! Lang setning, må uttrykke meg bedre i møtet...)


DERFOR SKAL TOL-UTVALET BEVILGE MIDLAR TIL VÅR FILM!


Kryss fingrane for meg folkens....


Følg Eileéns eksempel...

2 kommentarer:

  1. Lukke til med pengeleitinga! Dette er spanande, eg gler meg til å høyra meir om planane!

    SvarSlett
  2. Takk Mari! Blir så GLAD for å få tilbakemeldingar :D som du ser gikk det ikkje heilt etter planen i dag, men men - kjem sterkare tilbake ;)

    SvarSlett