Jaaa - Torgeir Skjerdal frå Aurland skal vere med å lage FILM! Dét er berre so koselig, for Torgeir er ein av dei go'aste personane eg veit om. Han har alltid noko fint å si, han har massevis av omsorg for andre og hans "mjuke" utstråling skaper ei god og avslappa atmosfære.
Torgeir har vore med som ungdomsleiar i fleire år. Han har vore fadder for massevis av søte leirdeltakerar og juniorkonfirmantar, han har hatt uteansvar på Lys Vaken i lag med Kristine i mange (!) kuldegrader og han har laga underhaldning og leik for dei andre ungdomsleiarane sammen med Eileén.

Men det er viktig å utvikle seg - ellers blir det for kjedelig, så no har Torgeir kryssa ei ny grense: koke graut til 25 personar UTEN å svi den! Det er faktisk ein veldig nyttig kunnskap når du skal hjelpe til i kyrkja ;-) ...det veit eg, for eg har svidd både ein og to kjelar med graut i mi tid... Bra jobba!

![]() |
Torgeir bur forresten på ein av verdens magiske stader: Skjerdal! Sjølv om eg klarte å gå meg fast i fjellsida der, så reiser eg gjerne tilbake på tur ;-) |
Takk til Torgeir for lån av bilder!
Stemmer for torgeirsong i filmen! Han er så flink at ein kan få frysningar.
SvarSlett