torsdag 17. mars 2011

Helene-håp

Helene snakkar ofte om HÅP
i gudstenestene <3




Helene Langeland, sokneprest i Lærdal, har latt seg overtale til å støtte FILM! prosjektet. Nåja, det var ikkje så vanskelig å overbevise ho - trur faktisk ho har vore inne på tanken sjølv, at det hadde vore knakande morro med ein film :-D Uansett, jo fleire som er med/støttar prosjektet - jo større er håpet og sjansen for at vi skal få det til. SUPERT å ha Helene med på laget! 


Sommarfuglen er eit symbol på håp og nytt liv, i den kristne tradisjonen. Helene elskar (det er sant, eg overdriv ikkje!) sommarfuglar. Her er eit sommarfugl dikt til Helene og alle andre som er glad i sommarfuglar:


Sommerfugl
Så rart det er å tenke på
at jeg var larve, stygg og grå,
men se hva tiden bringer!
Nå er jeg lett og nydelig
og jeg kan føle tydelig:
Jeg er blitt blomst med vinger på!
Inger Hagerup


Helene på fjelltur med
konfirmantar og
ungdomsleiarar.


Det er alltid bra å ha støttespelarar, ikkje minst om dei er flinke til å ordlegge seg - og det er Helene! Derfor har vi tenkt å intervjue ho i vår FILM! Vi har ikkje bestemt spørsmål ennå, så her har de sjansen til å påvirke innhaldet i filmen: 
kva skal vi spørre Helene om?

Legg inn kommentarar eller send meg melding på facebook :-D

Mange kunstnerar har vore fascinert av sommarfuglen. Henrik Wergeland skreiv i 1840 teksten til "Den prektig kledde sommerfugl", 
her framført av Elisabeth og Nora Andreassen.




Foto av Helene tilhøyrer Nye Steg, kyrkja i Aurland og Lærdal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar