onsdag 30. mars 2011

Pip pip

Ein liten fugl har hinta om at musikken på sommarleiren i år kanskje får noko heilt nytt... Eg skal snart få vite meir om det og gler meg stort! Det kan jo hende at vi, uten å vite det, alt er igang med filmmusikken??? Å, dette er spennande!


Mens vi ventar på at vår vesle pip skal gi lyd frå seg igjen, kan vi kose oss med Bob Marley og tre supersøte småfuglar. Ha ein fin dag ;-)



Beklager viss de må klikke vidare til You Tube for å sjå filmen, men akkurat denne var så 
nydelig søt at eg syns det var
VEL VERDT
eitt
ekstra
klikk

mandag 28. mars 2011

Animasjonsfilm - tenk på det...

Animasjonsfilmar er noko av det koseligaste eg veit om - sjølv når dei er skumle! Det er noko med genren som treff midt i hjertet. Tenk om vi kunne fått ein animasjonsfilm om Nye Steg-trusopplæring i kyrkja i Aurland og Lærdal. Den kunne for eksempel handle om noko av alt det vi finn på: kanskje den gudstenesta der vi hadde Hauge kyrkje smekkfull av fastelavnsfjær, eller den der Kristine med livet som innsats (nesten) hengte opp Lærdals lengste julelenke på kryss og tvers i heile kyrkja? Eller den laurdagen der tårnagentane med stor iver utforska Vangen kyrkje frå nederst i krypten til øverst i klokketårnet! Å, dét hadde vore utrulig morro!! Det er jo ingen grunn til at vi skal ha berre éin film (den vi har starta med no), vi kan ha mange :-D

Ein smakebit av fjærpynten på
fastelavnsgudstenesta i Hauge kyrkje!
Ungdomsleiar Kristine Venes Pettersen; nesten i fritt svev,
 i Hauge kyrke på Lysmesse 1. søndag i advent
Kyrkjetenar Merete Rein i lag med ein av dei
modige TÅRNAGENTANE i Vangen kyrkje.


Eg veit vi har fleire spirande medietalent blant ungdommen i Aurland og Lærdal. Mulig det òg finst vaksne folk i bygdene våre, som fuskar i faget? Ta ein titt på denne søte vesle filmen og tenk på det... Kanskje får de lyst til å lage animasjonsfilm frå livet her :-D



Alle foto tilhøyrer Nye Steg, kyrkja i Aurland og Lærdal.


søndag 27. mars 2011

Leir på vidda

I august reiser vi på sommarleir på Nesholmen - nokon av oss har tenkt på det sidan vi kom heim frå sommarleiren i fjor... det er mange spennande planer på gang, og det kjem nok nokre "lekkasjer" her på bloggen utover våren. Kanskje blir vår FILM laga med sommarleiren som "kjerne", kanskje.... Men det er ikkje berre vi som syns det er kjekt å reise på tur: her er ein liten film frå trusopplæring i Finnmark. 



fredag 25. mars 2011

Inspirasjonsfilm

Bjørnar-regissør har bedt meg finne eksempel filmar til inspirasjon for teknikk og innhald i vår FILM. Eg var ikkje akkurat forberedt på den oppgåva, men etter ein surferunde på YouTube var eg heilt hekta! No har eg bombardert Bjørnar sin epost med filmforslag, og her er ein av idéane mine. Det er spesielt eit øyeblikk her, som gjorde at eg valgte akkurat denne filmen. Du kan jo gjette kva øyeblikk det er.... Og send meg gjerne dine inspirasjonsfilmar :-)

STRÅLANDE

Strålande!  - sa Nye Steg-utvalet då eg fortalte om FILM idéen :-D


Vi hadde forresten eit veldig kjekt møte i utvalet - flott gjeng å jobbe sammen med! Dei kom med mange gode innspel til planen vår (...systematisk og helhetlig plan for trusopplæring i Aurland og Lærdal...) og vi hadde ein riktig god prat i Vangen kyrkje. <3


Illustrasjonen denne gangen er lånt på internett, av nokon som har lånt den, som har lånt den osv. og ikkje oppgitt kilde. Derfor anar eg ikkje kven som har laga den i utgangspunktet. 
Men takk for lånet - ser fram til å sjå sola HER og ;)

onsdag 23. mars 2011

NYE STEG

Nye Steg-utvalet har møte i dag! Det er eit utval oppretta av kyrkjestyra i Aurland og Lærdal, som har i oppgåve å bestemme stort sett alt om trusopplæring i våre kyrkjelydar. Kjekk jobb det! Dei som er så heldige å ha denne "jobben" er 2 representantar frå kvart kyrkjestyre, dei to prestane våre + meg :-D I dag skal vi snakke om Plan for trusopplæring i Aurland og Lærdal. Vi må nemlig ha ein "systematisk og helhetlig" plan for aldersgruppa 0 - 18 år. Trur det vil passe svært bra med ein filmproduksjon dette året her... 


Også har eg med ein liten filmsnutt til bloggen.
Den viser at kyrkja no held på å fornye seg: BRA!

Å skape historie


Dokumentarfilm kan vere så mangt og dei merkeligaste ting kan bli interessante. Her er ein liten film om Odda: historien om ein industristad. 


Historie er alltid spennande - kanskje fordi eg alltid har vore glad i å lytte til historier... no likar eg kanskje enda bedre å fortelle dei... av og til tenker eg på at vi; ungdomsleiarane - eg - Helene - barna som deltek... skaper historie når vi overnattar i kyrkja, når vi lytter til kvarandre og - til musikk i bønnehytta på Nesholmen, når vi møtes seine kveldar for å øve sang og speling, redigere film, førebu aktivitetar til neste Lys Vaken, neste gudsteneste, neste skulebesøk... det er kjekt å skape historie. Det er viktig for oss mennesker å kjenne at vi er del av vår historie - i den store verden, i vår eigen kvardag.


Også er det noko underlig fascinerande med gamle industribygg. Dei er vakre på ein sånn styggpen måte. Eg vil suge til meg alle inntrykk når eg går gjennom forfalne rom og ser inn i knuste vindauge. Men så får eg lyst til det eg alltid får lyst til på stader som er forlatne; eg får lyst til å gi dei nytt liv!


Ellers er det ein skikkelig aha opplevelse å registrere kor lenge 6 minutt og 53 sekund er på film. Vi veit ikkje heilt kor lang vår film skal bli, gjeld å finne det magiske AKKURAT PASSE :-D



tirsdag 22. mars 2011

GO! signal frå sjefen!!

YES - sjefen har fått ein minibriefing om filmprosjektet og syns det er ein GOD idé som vi skal jobbe vidare med! Dét er strålande :-D Og eg kan krysse av det første punktet på mi gjere-liste: 
"overbevise sjefen min om at filmprosjektet er ein god idé..."
YES!!
No er det sjølvsagt Nye Steg-utvalet som har endelig råderett over korleis vi bruker tid og pengar i trusopplæringa, og dei har ikkje fått sjans til å uttale seg ennå (skal ha møte på torsdag.... spennande!!), men det er ALLTID ein god ting at sjefen syns det er ein god ting det vi finn på...  Ja, det er i grunn heilt SUPERT! Snill sjef :-D eller kanskje eg heller skal si SMART sjef - for dette filmprosjektet er faktiskt ein heilt glimrande idé på så uendelig mange vis! Men det skal eg fortelle meir om ei anna gang...


Jippi for sjefen!!


Ellen Veum
kyrkjeverje i Lærdal
SMART sjef :-D



Takk til Ellen for lån av bilde!

mandag 21. mars 2011

Kjapp Trusopplæringsfilm :-)

1 - 2 - 3 så veit du plutselig mykje meir om trusopplæring! Aurland og Lærdal har forresten vore med frå starten som forsøksprosjekt, det har vi hatt mykje morro med :-D 

søndag 20. mars 2011

Regissøren har ring!!

Regissør Bjørnar Hegg-Lunde
- systematisk kar!
foto: privat
Endelig har det blitt mulig å få kontakt med Bjørnar igjen - travelt å vinne prisar... Han har faktisk vore veldig flink dei par siste dagane; både sendt mail med stikkord, eksempel og forslag til filmen OG ringt og gjort avtale om å møtes. Eg kan virkelig like ein kar som jobbar systematisk! No må eg lage meg ei lang liste med konkrete problemstillingar angåande filmen, så eg er klar når vi møtes om litt... Skal vi sjå: 


kva situasjonar er OK å filme
kva situasjonar skal vi IKKJE filme
badebilder, sovebilder - kan slike bilder misbrukast?
(Vi MÅ vite kva vi skal styre utenom! 
Det MÅ vere tydelig for foreldra kva dei blir spurt om å gi tillatelse til.) 

kva vil vi MEST AV ALT formidle i filmen
kva er sjølve budskapet?
kva situasjonar skal vi filme for å få fram budskapet i filmen
vi treng ein visjon
konkrete mål
mål må vere målbare - korleis gjer vi det?

detaljert framdriftsplan: kva skal gjerast når!

økonomi
kva treng vi
kva kostar det
BUDSJETT

Oi, kan bli mykje dette - er ein GOD ting at eg likar å lage gjere-lister. Er nemlig ekstra morro å krysse av det som er ferdig :-D Er spent på å sjå Bjørnar si liste ;-)


Har du tankar om kva vi må eller ikkje må ha med i filmen, kva vi må hugse på undervegs, kva vi absolutt bør halde oss unna... 
så FORTELL MEG DET :-D

Alle mine lister har fargekoder, etterkvart så mange fargar at berre eg skjønnar
koden- det er fordi fargar gjer alt bedre! Blir glad berre av å sjå på fargane :-D
foto: Tone Haugeplass

God søndag - gode ord

Mari og eg var på chat her forrige kvelden, vi kom i snakk om filmen vår.... tankane flyg og blir til ord; slik var det i alle fall at desse orda kom fram:


varme!
ekte
nær
GOOOOD humor :-D
ein film vi blir glad av å sjå
vennskap - godt vennskap - !
overraskelsar...
<3
ja!


ord i lufta, som no er ord i idéboka, ord i bloggen
ord vi vart glade av
inspirert
til å lage film


Gode ord gjer ein god søndag - gode ord i lag med gode venner gjer GODT <3


God Søndag alle sammen!

lørdag 19. mars 2011

Story of Saint Patrick

Søt liten film om korleis ein ung gut blir kidnappa, blir helgen, blir biskop - og blir nasjonalhelt i Irland! Fekk ikkje heilt med meg alle orda, men syns figurane var morsomme :-D 
(Legg spesielt merke til sauen om natta: min favoritt!).


Så til ære for dagens St Patrick feiring i Oslo; vær så god:




Takk til facebook sida

St. Patrick Day's Greeting - From me To you

for lån av illustrasjon!

fredag 18. mars 2011

Stine-søt

Stine - søt
både med og uten piercing ;-)












Søt kan vere eit nedsettande ord når det beskriv noko som er klissete og innhalds-laust. Slik er det ikkje med Stine Husdal frå Lærdal. Stine er søt på ein ekte måte. Det viser seg både utanpå og inni! 


Stine - søt
både inni og utanpå <3





Stine
sitt varme hjerte
og gode smil
er som
ringar
i vatnet
det er 
god stemning
som brer seg
blant
juniorkonfirmantar
ungdomsleiarar
og ansatte.


Eg veit ikkje om Stine liker dikt, men det gjer eg - og inspirert av Stine sitt søte bilde av eit pinnsvin, falt eg for fristelsen til å ta med dette pinnsvindiktet av ein av mine favoritt diktarar:


Pinnsvinet
Å stritte er pinnsvinets kjente trekk
så liten og svak som den er.
Den løfter en nålepute av skrekk
for ingen skal komme den nær.

Bare pigger og trassig pust.
Men likevel dyrker den freden.
Da legger den ned sin strie bust
og håper at ingen kan se den.

Inger Hagerup

foto: Stine Husdal
Stine - flink fotograf
av søte mennesker og dyr :-D







Vi er heldige som har hatt Stine med i leiargjengen heilt frå starten på Nye Steg - trusopplæring i kyrkja i Aurland og Lærdal. Og det er superkoselig at Stine no skal vere med å lage FILM!












Takk til Stine for lån av bilder frå hennes facebook side!








torsdag 17. mars 2011

Tone-til 71' nord

Tone har mi stemme om ho stiller i 71' nord ;)
Dette er kanskje ei litt villedande overskrift, men her kjem forklaringen: 


Tone Haugeplass frå Aurland er mitt 71 grader nord-ideal! Ho er sporty, uthaldande, smart, og sterk; dermed er vegen nordover unnagjort og vinnerbilen i boks! 


Enda viktigare: ho er ei morsom og omgjengelig jente som er lett å bli glad i - dermed er publikumsprisen inne! 






Eileén og Tone
underhaldande
radarpar

Nesholmen 
Best av alt er at Tone har tatt med seg alle desse GODE egenskapane inn i ungdomsleiar-gjengen på alle slags leirar og samlingar :-D 


No skal Tone vere med å lage FILM - det er heilt topp!! Tone-TOPP ;) 





Tone - filmjente!




















Takk til Tone for lån av bilder!



mini-meiningsmåling

Fortell meg kva de
syns om bloggen!
Hei kjære FILM-blogg lesarar! Eg har storkost meg med å lage blogg dei siste 10 dagane og best av alt; det er faktisk ein del folk som les bloggen :-D 


Eg feirar dei 10 fyrste dagane med ein liten uhøgtidlig meiningsmåling og ber alle om å stemme på det innlegget dei har likt best. Understrekar at dette ikkje handlar om å stemme på den personen du likar best, men det INNLEGGET du syns er best/mest interessant utfrå tekst, bilde, utforming etc. 


Eg er jo fortsatt veldig nybegynner i denne blogg-verdenen, så kom gjerne med tips til meg om kva eg kan gjere vidare! Legg inn kommentar eller send meg melding på facebook ;) 

Helene-håp

Helene snakkar ofte om HÅP
i gudstenestene <3




Helene Langeland, sokneprest i Lærdal, har latt seg overtale til å støtte FILM! prosjektet. Nåja, det var ikkje så vanskelig å overbevise ho - trur faktisk ho har vore inne på tanken sjølv, at det hadde vore knakande morro med ein film :-D Uansett, jo fleire som er med/støttar prosjektet - jo større er håpet og sjansen for at vi skal få det til. SUPERT å ha Helene med på laget! 


Sommarfuglen er eit symbol på håp og nytt liv, i den kristne tradisjonen. Helene elskar (det er sant, eg overdriv ikkje!) sommarfuglar. Her er eit sommarfugl dikt til Helene og alle andre som er glad i sommarfuglar:


Sommerfugl
Så rart det er å tenke på
at jeg var larve, stygg og grå,
men se hva tiden bringer!
Nå er jeg lett og nydelig
og jeg kan føle tydelig:
Jeg er blitt blomst med vinger på!
Inger Hagerup


Helene på fjelltur med
konfirmantar og
ungdomsleiarar.


Det er alltid bra å ha støttespelarar, ikkje minst om dei er flinke til å ordlegge seg - og det er Helene! Derfor har vi tenkt å intervjue ho i vår FILM! Vi har ikkje bestemt spørsmål ennå, så her har de sjansen til å påvirke innhaldet i filmen: 
kva skal vi spørre Helene om?

Legg inn kommentarar eller send meg melding på facebook :-D

Mange kunstnerar har vore fascinert av sommarfuglen. Henrik Wergeland skreiv i 1840 teksten til "Den prektig kledde sommerfugl", 
her framført av Elisabeth og Nora Andreassen.




Foto av Helene tilhøyrer Nye Steg, kyrkja i Aurland og Lærdal.

onsdag 16. mars 2011

Skuggeprinsen





Bjørnar på veg opp!





GRATULERER 
Bjørnar
!!!

Dagens blogginnlegg er til ære for 
Bjørnar Hegg-Lunde 
vår 
FILM! regissør 
(for å ta det viktigaste først!) 

og
VINNAR
 av prisen for 
fiksjonsfilm
 OG
publikumsprisen
 på Sogndal filmfestival 




Bjørnar har vore regissør på filmen Skuggeprinsen - ein film laga av elevar ved Danvik folkehøgskule. Eg var heldig å få ein sniktitt på filmen i vinterferien og syns den er skjønn!!  -Dette er SÅ gøy :-D


Bjørnar vart sjølvsagt intervjua på NRK Sogn og Fjordane, så for dei som ikkje høyrde på radioen i dag tidlig; her er Bjørnar sine kommentara (klarte dessverre ikkje å finne opptaket, enda så mykje rart som ligg på NRK sine sider... kanskje nokon andre har det?).


– Dette er dritkult. Det gjorde veldig godt etter alt arbeidet med denne filmen. Vi er mange som arbeidd med å få den til, sa ein glad vinnar som var med via Skype.
Bjørnar Hegg-Lunde (Foto: Jon-Andre Hakvaag)
TO PRISAR: Bjørnar Hegg-Lunde tykte det var flott å vinne i kveld.
Foto: Jon-Andre Hakvaag
Han sikra seg eit kamera til ein verdi av 8000 kroner som var premien frå NRK Sogn og Fjordane.
Prisen vart delt ut av skodespelar og regissør Leon Bashir, som er kjent frå filmar som Izzat og Tomme Tønner.

Rekordoppslutnad

Hegg-Lunde, som var medieelv i Sogndal i fjor, går no på filmlinja på Danvik folkehøgskule i Drammen.
Filmen hans er også nominert som ein av tre filmar til den prestisjefyllte Amandusprisen på Lillehammer. Sigeren hans i kveld og nomineringa til Amandus, vitnar om kvalitetsheving på filmiljøet med røter i Sogn og Fjordane.
Sogndal Filmfestival samla i år rekordoppslutnad med nær 50 filmar til juryering. 150 publikummarar hadde teke turen for å bli med på filmgallaen i kveld. nrk.no/sogn og fjordane

I ein kort periode ligg filmen ute på nettet - kanskje er den fortsatt her: 


http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7550554




Den ekte Skuggeprinsen

tirsdag 15. mars 2011

Astri-altmuligjente

Astri
GOD VENN
for
STORE
og små
På sommarleiren vår på Nesholmen er 
Astri Brugrand Hauge frå Lærdal "mitt Kloke Hode". Eg treng Astri for å tenke, telle, organisere, administrere - når mitt hode er fullt. Slik er det berre! 

Astri Brugrand Hauge
hjelpsom ENGEL vinter og sommar

Astri kan lede det meste,
her i Nytt på Nytt studio ;)



foto: Karoline Thyri
Men eg er veldig spent på å sjå Astri sin rolle når vi skal lage film. Vil ho komme med sitt klare hode og hjelpe oss å nå målet i tide... eller er det Astri-skuespiller vi kjem til å sjå mest av? Ho gjorde nemlig ein veldig overbevisande jobb i storesøster Mari sin auditionfilm. 



Ta ein titt her:
Medvirkende: Mari Brugrand Hauge, Astri Brugrand Hauge Fotograf: Bjørnar Hegg-Lunde

Er du nysgjerrig på kva andre ting Astri og Mari finn på i lag? Ta ein titt på søsterbloggen deira: http://haugesisters.blogspot.com

Uansett: 
om det er det kloke hode, skuespillertalentet eller godteriet :-D vi kjem til å sjå mest av på filmprosjektet - det er alltid eit STORT PLUSS å ha Astri med på laget!!


Kanskje Astri må vere GODTEsjef
på filmprosjektet?


Takk til Astri for lån av bilder frå facebook sida hennes!

mandag 14. mars 2011

Be Happy

Nøyaktig sånn skal vi lage FILM! Ja, bortsett frå den museumsturen då kanskje - også håpar eg nokon andre vil kjøpe blomstrane :-D
Kos deg!

Kristine-karusell

Kristine er ikkje redd for å hoppe i det: ho tek utfordringar på strak arm!
Ho er den einaste eg kjenner som har blitt bitt av ein hoggorm. Det var då ho "hoppa"
i blåbærlyngen på Nesholmen. Huff!! Men Kristine takla det strålande ho!



























Kristine er ikkje berre tøysete.
Ho kan også vere elegant lady!

For eit par år sidan "adopterte" vi Kristine Venes Pettersen frå Sogndal, inn i vår ungdomsleiargjeng. Det har vi aldri angra på! Kristine er ei herlig jente med massevis av humor og eit stort hjerte.


Også er ho snill. Verden treng snille folk; mennesker som bryr seg om andre, som muntrar opp dei rundt seg "berre" ved å vere tilstades og får alle til å kjenne seg akseptert slik dei er. Det gjer Kristine <3 viktige egenskapar for ein ungdomsleiar (ja, for ALLE leiarar!) og SUPERT no når vi skal lage FILM!

Ein sniktitt inn på rommet til Kristine.
Vil du sjå meir av Kristine: gå inn på
bloggen hennes kristinevp.blogspot.com

Kristine i KARUSELLEN med Jon Torleif og Bjørnar.
Kristine sa SKRIFTLIG at ho kunne køyrt
karusell  143665 gonger etterkvarandre.
 - eg blir sjøsjuk ved tanken...


Takk til Kristine for lån av bilder frå bloggen og facbooksida hennar.
Sv/kv bilde: foto Camilla Venes