lørdag 9. april 2011

I bunn...



Illustrasjon: Susy Taylor, folkartpapercuts.blogspot.com


I bunn må vi ha noko som ber. Eit grunnlag som held oss oppe, uansett kor mykje som kjem oppå. Slik er det med dei fleste ting i livet. Til og med Jesus snakka om det ei gong: Bygg ditt hus på trygg grunn! Eg likar metaforen om å bygge hus, det gjer ting veldig konkret og handfast. Eg kan tydelig sjå for meg kvar del, kva som er dei berande elementa og kva som er mest for morro skyld. Å vere "arkitekt" på denne måten, er noko av det eg likar aller best!


Basisen i ein god film, er ALLTID - ALLTID - ALLTID - ALLTID ei god historie. Steinane i grunnmuren vår må vere den gode historien - den som er verdt å fortelle, den folk vil lytte til. Men for at historien skal nå fram til sjåaren, må vi få tak i sjølve essensen (poenget). Og denne essensen må formidlast slik at den berører sjåaren, skaper gjenkjenning, treff følelsane hos publikum. 
Følelsar er derfor eit magisk element i grunnmuren. Men følelsesdelen er kanskje den aller vanskeligaste ingrediensen å finne fram til: nyansane her er hårfine og doseringen må gjerast med ekstrem nøyaktighet. Feil nyanse eller feil dosering følelsar kan totalt ødelegge ein ellers vellaga film.
Det motsatte av følelsar er ofte sagt å vere fornuft, eller i denne sammenhengen: struktur. Ikkje berre må filmen i seg sjølv ha ein logisk struktur, men alt ARBEIDET med filmen må vere skikkelig strukturert. 


Ein godt strukturert skyskraper kan stå trygt i dei villaste orkanar. 
(Det såg eg i eit program på Discovery channel.) Slik er det også med arbeidsstruktur. I eitkvart prosjekt må ein rekne med uforutsette hendelsar og når vi no har kasta oss uti noko vi aldri har gjort før, er det omtrent 100% sikkert at det vil dukke opp små og store "orkanar" undervegs. Har vi orden i sakene, tydelige avtalar, alle godkjenningar i boks og ein realistisk & forpliktande framdriftsplan så er det GODE sjanser for at prosjektet ikkje bles overende, men blir ferdig; til rett tid, innanfor budsjettet og på ein god måte.


No for tida jobbar vi hardt med grunnmuren til filmen. Det blir mange
e-postar, sms og facebook meldingar fram og tilbake mellom Bjørnar-regissør og meg. Vi prøver også å få innspel frå flest mulig andre: bedre å forkaste tusen idear som ikkje fungerer enn å gå glipp av den eine ultimate FILM ideen! 


Dette er ein skikkelig spennande periode. Det er no vi kan tenke djupe, store tankar - sjå for oss filmen frå alle vinklar (perspektiv) og legge lista for heile prosjektet. Og det er no vi må begynne på dei vanskelige avgjerdene: avgrense prosjektet i omfang (kor lang skal filmen bli, kor omfattande skal produksjonen vere) og i innhald (kor mange situasjonar, personar, aktiviteter mm er det plass til). Ikkje minst må vi snart ta ei avgjersle på kva som skal vere den raude tråden i filmen. Her har vi mange idéar og tilsvarande STORE vanskeligheter med å velge....


Men innan året er omme, håpar eg "huset" er på plass med ein stødig grunnmur i bunn og eit spennande, inspirerande byggverk oppå. Då skal eg gjere som katten på dagens illustrasjon; sette meg på taket og nyte utsikten! 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar