onsdag 6. april 2011

Ja Nei ja nei Ja Tja... nope!

Finn deg ein kopp te og eit par kjeks,
så skal eg fortelle om mi
bratte læringskurve no nylig.
foto: Johanne Karlsrud

Eg er akkurat ferdig med å orientere stabane (dei ansatte i kyrkja) i Aurland og Lærdal om filmprosjektet. Det var ein ganske sammensatt opplevelse... sammensatt av positive, negative og forvirrande inntrykk. Egentlig er det mykje meir behagelig å skrive om alt som går lett, men eg har visst sagt (skriftlig!) at eg skal fortelle ALT om filmprosjektet på bloggen, så då blir det feil å late som om ALT er enkelt.


Det positive, var å oppleve at folk smilte og syns - sånn generelt - at det er ein kjempegod idé å lage film. Også syns dei at filmen skal bli så bra som mulig, at den skal vere interessant for eit breidt publikum og at det er riktig å bruke tid og pengar for å få den produsert. Alt dette har vi jo allerede tenkt på og er heilt enig i, så dét er berre fryd og glede!


Men så kom den negative delen. Eg har tenkt at det er lurt å spørre så mange som mulig og ikkje minst kollegaene mine: kva skal vi ha med i filmen? Kva vil gjere den interessant? Som tenkt så gjort, og då gikk det slik: men først må eg si at det fine med engasjerte mennesker er at dei faktisk engasjerer seg! Ganske riktig: her kom det massevis av innspel til innhald og vinkling/perspektiv i filmen. Og tilsvarande mange tankar om kva som ikkje skal vere med. Nokon vil ha gudstenestebilder, nokon vil ha tårnagentar, nokon vil ha frivilligfesten og nokon vil ha kyrkjene osv. Mange vil ha alt. Og berre for å understreke det; vi er fortsatt på den positive sida; for engasjement er bra!


Men ingen vil ha ein lang og kjedelig film. Ingen vil ha ein film som er berre oppramsing. Vi vil alle ha ein GOD film som gir meirsmak! Og det er her det negative oppstår. For på eit eller anna punkt MÅ vi velge. Vi må si at noko kjem med mens andre ting blir kutta. Til og med gode idear vil bli utelatt. Også er det slik at nokon idear passar kjempebra - berre ikkje i den filmen vi lagar no. Dei passar bra i andre filmar. Men det er jo sjølvsagt mi meining. Andre vil nemlig ha heilt andre meiningar om kva som passar og korleis sluttresultatet skal sjå ut. Og slik kan vi faktisk ønske (nesten) det samme, men likevel vere uenige om (nesten) alt.
No treng du kanskje ein ny kopp
te og litt fleire kjeks?
Takk til Johanne Karlsrud
for lån av foto ;-)


Det er no det blir komplisert, for eg syns det er vanskelig å si nei. Eg føler meg skikkelig kjip når nokon med stor iver foreslår ting og eg i beste fall kan si "kanskje". Eg syns det er mykje kjekkare å oppmuntre folk til å tru på ideane sine, enn å vere den som si at "nei, ikkje denne gangen". Å produsere film "på ordentlig", trur eg kan bli ein røff erfaring følelsesmessig. Det gler eg meg ikkje til. Men eg er ikkje i tvil om at erfaringen vil vere nyttig og lære meg masse, også om meg sjølv! Dét er ein erfaring eg gler meg til å ha gjort. Altså ikkje dei kjipe rundane undervegs. Men det å vekse på erfaringen når alt kjem til alt. Det er fristande å hoppe rett i mål, men uten erfaringen undervegs vil det heller ikkje vere noko mål. Puh!


Til slutt var det eit stort element av forvirring i møte med stabane. Forvirringen var i rommet; folk hadde mange spørsmål og ein naturlig dose usikkerhet til kva denne filmen skal bli og korleis prosjektet skal fungere. Men det var minst like stor forvirring inni mitt hode. For vi er akkurat i den fasen der vi leitar etter strukturen på filmen, prøver å finne riktig avgrensing, gjere grunnleggande vegval for kven/kva/kvar/når vi skal filme. Og i alle ledd svirrar spørsmålet "kvifor" - kvifor skal dette med, kvifor skal vi velge den eine settingen framfor noko anna? Eg er altså litt forvirra i utgangspunktet. Når det no hagla med innspel frå kollegaene mine, begynte hjernen min automatisk å sjå for seg dei ulike forslaga - kombinert med dei tankane eg allerede har. Og sidan det meste enno er uavklart, vart det veldig mange variablar å forhalde seg til. Også vil eg IKKJE vere ein sånn person som nektar å høyre på andre og automatisk er negativ til alt som ho ikkje har komme på sjølv. Slik vil eg IKKJE vere! Alt dette på ei gang = eit stykk forvirra Ingrid. - Bra det ikkje var kamera i møterommet, for eg er overbevist om at eg på eit tidspunkt såg ut som eit rompetroll i fritt svev retning jupiter, mens det lurte intenst på korleis det skulle komme seg tilbake til jorda. Ikkje mitt skjønnaste uttrykk! 


Så kva er status no? Kikk på hodet og kjenn på kroppen!
illustrasjon: Frida Tokvam Sverdrup


Vi kan vel si at læringskurven har vore bratt. Eg har nemlig lært at:

  • Sjølv i uformelle situasjonar MÅ prosjektet presenterast "formelt". Bedre å vere for omstendelig enn for rask i presentasjonen.
  • Film er eit medium som meir enn noko anna appellerer til folks følelsar = ergo har folk lett for å engasjere seg i filmarbeid og det kan skikkelig få fram følelsane deira!
  • Ver ekstremt tydelig på kva ein spør folk om -> nøyaktig kva er det vi ønsker innspel til og kva er rammene som allerede er lagt.
  • Det er ingen som klarar å sjå for seg kva som er inni mitt hode. Det må forklarast TYDELIG!

Nokon ting er slik at du kan det for alltid når du ei gong har lært det. Å sykle, skal visstnok vere ein slik ferdighet. Å kommunisere, er derimot noko du må praktisere og perfeksjonere heile livet. Eg har nettopp fått meg ein ny øvingsrunde i å kommunisere. Det var ein sammensatt opplevelse. Men no som eg har fått fordøyd den, sit eg att med ein god følelse. Ein følelse av mestring og sjølvtillit. Så det siste punktet på læringskurva er viktig å få med:


Ta deg tid til å fordøye inntrykk og tilbakemeldingar som kjem. Både støttande og kritiske innspel. Tenk igjennom det heile; sjå på det, kjenn på det, lik det og mislik det. Ta til deg det du treng for å bli sterkare, dyktigare, klokare. Og legg vekk det andre.


Takk for i dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar