søndag 20. mars 2011

God søndag - gode ord

Mari og eg var på chat her forrige kvelden, vi kom i snakk om filmen vår.... tankane flyg og blir til ord; slik var det i alle fall at desse orda kom fram:


varme!
ekte
nær
GOOOOD humor :-D
ein film vi blir glad av å sjå
vennskap - godt vennskap - !
overraskelsar...
<3
ja!


ord i lufta, som no er ord i idéboka, ord i bloggen
ord vi vart glade av
inspirert
til å lage film


Gode ord gjer ein god søndag - gode ord i lag med gode venner gjer GODT <3


God Søndag alle sammen!

lørdag 19. mars 2011

Story of Saint Patrick

Søt liten film om korleis ein ung gut blir kidnappa, blir helgen, blir biskop - og blir nasjonalhelt i Irland! Fekk ikkje heilt med meg alle orda, men syns figurane var morsomme :-D 
(Legg spesielt merke til sauen om natta: min favoritt!).


Så til ære for dagens St Patrick feiring i Oslo; vær så god:




Takk til facebook sida

St. Patrick Day's Greeting - From me To you

for lån av illustrasjon!

fredag 18. mars 2011

Stine-søt

Stine - søt
både med og uten piercing ;-)












Søt kan vere eit nedsettande ord når det beskriv noko som er klissete og innhalds-laust. Slik er det ikkje med Stine Husdal frå Lærdal. Stine er søt på ein ekte måte. Det viser seg både utanpå og inni! 


Stine - søt
både inni og utanpå <3





Stine
sitt varme hjerte
og gode smil
er som
ringar
i vatnet
det er 
god stemning
som brer seg
blant
juniorkonfirmantar
ungdomsleiarar
og ansatte.


Eg veit ikkje om Stine liker dikt, men det gjer eg - og inspirert av Stine sitt søte bilde av eit pinnsvin, falt eg for fristelsen til å ta med dette pinnsvindiktet av ein av mine favoritt diktarar:


Pinnsvinet
Å stritte er pinnsvinets kjente trekk
så liten og svak som den er.
Den løfter en nålepute av skrekk
for ingen skal komme den nær.

Bare pigger og trassig pust.
Men likevel dyrker den freden.
Da legger den ned sin strie bust
og håper at ingen kan se den.

Inger Hagerup

foto: Stine Husdal
Stine - flink fotograf
av søte mennesker og dyr :-D







Vi er heldige som har hatt Stine med i leiargjengen heilt frå starten på Nye Steg - trusopplæring i kyrkja i Aurland og Lærdal. Og det er superkoselig at Stine no skal vere med å lage FILM!












Takk til Stine for lån av bilder frå hennes facebook side!








torsdag 17. mars 2011

Tone-til 71' nord

Tone har mi stemme om ho stiller i 71' nord ;)
Dette er kanskje ei litt villedande overskrift, men her kjem forklaringen: 


Tone Haugeplass frå Aurland er mitt 71 grader nord-ideal! Ho er sporty, uthaldande, smart, og sterk; dermed er vegen nordover unnagjort og vinnerbilen i boks! 


Enda viktigare: ho er ei morsom og omgjengelig jente som er lett å bli glad i - dermed er publikumsprisen inne! 






Eileén og Tone
underhaldande
radarpar
på
Nesholmen 
Best av alt er at Tone har tatt med seg alle desse GODE egenskapane inn i ungdomsleiar-gjengen på alle slags leirar og samlingar :-D 


No skal Tone vere med å lage FILM - det er heilt topp!! Tone-TOPP ;) 





Tone - filmjente!




















Takk til Tone for lån av bilder!



mini-meiningsmåling

Fortell meg kva de
syns om bloggen!
Hei kjære FILM-blogg lesarar! Eg har storkost meg med å lage blogg dei siste 10 dagane og best av alt; det er faktisk ein del folk som les bloggen :-D 


Eg feirar dei 10 fyrste dagane med ein liten uhøgtidlig meiningsmåling og ber alle om å stemme på det innlegget dei har likt best. Understrekar at dette ikkje handlar om å stemme på den personen du likar best, men det INNLEGGET du syns er best/mest interessant utfrå tekst, bilde, utforming etc. 


Eg er jo fortsatt veldig nybegynner i denne blogg-verdenen, så kom gjerne med tips til meg om kva eg kan gjere vidare! Legg inn kommentar eller send meg melding på facebook ;) 

Helene-håp

Helene snakkar ofte om HÅP
i gudstenestene <3




Helene Langeland, sokneprest i Lærdal, har latt seg overtale til å støtte FILM! prosjektet. Nåja, det var ikkje så vanskelig å overbevise ho - trur faktisk ho har vore inne på tanken sjølv, at det hadde vore knakande morro med ein film :-D Uansett, jo fleire som er med/støttar prosjektet - jo større er håpet og sjansen for at vi skal få det til. SUPERT å ha Helene med på laget! 


Sommarfuglen er eit symbol på håp og nytt liv, i den kristne tradisjonen. Helene elskar (det er sant, eg overdriv ikkje!) sommarfuglar. Her er eit sommarfugl dikt til Helene og alle andre som er glad i sommarfuglar:


Sommerfugl
Så rart det er å tenke på
at jeg var larve, stygg og grå,
men se hva tiden bringer!
Nå er jeg lett og nydelig
og jeg kan føle tydelig:
Jeg er blitt blomst med vinger på!
Inger Hagerup


Helene på fjelltur med
konfirmantar og
ungdomsleiarar.


Det er alltid bra å ha støttespelarar, ikkje minst om dei er flinke til å ordlegge seg - og det er Helene! Derfor har vi tenkt å intervjue ho i vår FILM! Vi har ikkje bestemt spørsmål ennå, så her har de sjansen til å påvirke innhaldet i filmen: 
kva skal vi spørre Helene om?

Legg inn kommentarar eller send meg melding på facebook :-D

Mange kunstnerar har vore fascinert av sommarfuglen. Henrik Wergeland skreiv i 1840 teksten til "Den prektig kledde sommerfugl", 
her framført av Elisabeth og Nora Andreassen.




Foto av Helene tilhøyrer Nye Steg, kyrkja i Aurland og Lærdal.

onsdag 16. mars 2011

Skuggeprinsen





Bjørnar på veg opp!





GRATULERER 
Bjørnar
!!!

Dagens blogginnlegg er til ære for 
Bjørnar Hegg-Lunde 
vår 
FILM! regissør 
(for å ta det viktigaste først!) 

og
VINNAR
 av prisen for 
fiksjonsfilm
 OG
publikumsprisen
 på Sogndal filmfestival 




Bjørnar har vore regissør på filmen Skuggeprinsen - ein film laga av elevar ved Danvik folkehøgskule. Eg var heldig å få ein sniktitt på filmen i vinterferien og syns den er skjønn!!  -Dette er SÅ gøy :-D


Bjørnar vart sjølvsagt intervjua på NRK Sogn og Fjordane, så for dei som ikkje høyrde på radioen i dag tidlig; her er Bjørnar sine kommentara (klarte dessverre ikkje å finne opptaket, enda så mykje rart som ligg på NRK sine sider... kanskje nokon andre har det?).


– Dette er dritkult. Det gjorde veldig godt etter alt arbeidet med denne filmen. Vi er mange som arbeidd med å få den til, sa ein glad vinnar som var med via Skype.
Bjørnar Hegg-Lunde (Foto: Jon-Andre Hakvaag)
TO PRISAR: Bjørnar Hegg-Lunde tykte det var flott å vinne i kveld.
Foto: Jon-Andre Hakvaag
Han sikra seg eit kamera til ein verdi av 8000 kroner som var premien frå NRK Sogn og Fjordane.
Prisen vart delt ut av skodespelar og regissør Leon Bashir, som er kjent frå filmar som Izzat og Tomme Tønner.

Rekordoppslutnad

Hegg-Lunde, som var medieelv i Sogndal i fjor, går no på filmlinja på Danvik folkehøgskule i Drammen.
Filmen hans er også nominert som ein av tre filmar til den prestisjefyllte Amandusprisen på Lillehammer. Sigeren hans i kveld og nomineringa til Amandus, vitnar om kvalitetsheving på filmiljøet med røter i Sogn og Fjordane.
Sogndal Filmfestival samla i år rekordoppslutnad med nær 50 filmar til juryering. 150 publikummarar hadde teke turen for å bli med på filmgallaen i kveld. nrk.no/sogn og fjordane

I ein kort periode ligg filmen ute på nettet - kanskje er den fortsatt her: 


http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7550554




Den ekte Skuggeprinsen